Mannsbunad for nordland og troms

I 1924 ble den første mannsbunaden for Nordland og Troms laget. Det var folkehøyskolelærer Johannes Eidnes, Trondarnes, som fikk den sydd etter bakgrunnsmateriale han hadde samlet. 


Nordlandsbunad for menn.
 av John. Eidnes. Fra "Håløygminne", hefte 2/ 1960.
I dei første 1920-åra blei det meir og meir interesse for ein nordlandsbunad for menn her i Troms og Nordland. gjennom ungdomsbladet " Midtnattsol" og med rundskriv til laga i Troms Ungdomsfylking, ved foredrag i laga og samtale med andre interesserte kom det frem ting av ymse slag som skulle ha høyrt til ein slik mannsbunad. I "Midtnattsol" 1923 sette eg opp eit skjema over det som var kome inn. det var frå Andøya ved Andr. Lorentsen, frå Lofoten ved T. Wicklund, frå Dunderlandsdalen ved Ola Grotnes, frå Vefsen ved Astrid Valberg, frå Lenvik ved M. Didriksen, og frå Kvæfjord ved Målfrid Strand. Dessutan munnlege opplysningar frå menn og kvinner, særleg i Sør- Troms.
Men største hjelpa i dette arbeidet fekk eg då eg på Sama ved Harstad fann ein skreddarmeiser, Cornelius Jakobsen, heitte han, og død for mange år siden no. Han hadde i læreåra sine og seinare vore med å sy nordlandsbunad for menn. Og mannen var av den gamle og støe og grundige typen som ein kunne tru på heilt ut. Eg viste han det vi hadde grave fram. Og han tok då på seg å sy ein slik bunad til meg. Han blei gjort merksam på at det skulle vere brurgomsbunaden min, eg skulle gifte meg året etter. Han tok dette arbeidet med bunaden svært nøyaktig og rådde meg til å bruke alt til bunaden av beste slag. Stoffet burde vere klede eller rips, som eg tok. Vesten burde til festbruk vere damask. Men det hadde også vore brukt rutet ullty i raudt og grått, eller også einsleta ty i raudt, grønt og blått. 
Vesten var altså stasplagget. Han var dobbelknept med to rader sølvknappar. Og knappane hadde botn, altså dobbel. No ser eg dei helst brukar knappar uten botn, men dei er ikkje så gode å kneppe. Det var 4 lommer på vesten og slag på kvar side med ein knapp på kvar slagspiss. Tyet i vesten var blomstra damask, med lyst satengfor, og ryggen var av grå sateng utan spenne. 
Trøya var kort med svingsaumar i ryggen. Ståande krage med små slag framover. Trøya hadde også ein lomme på kvar side og ein innerlomme. Der var to rader knappar på trøya som ikkje kneptest att. Og under kvar arm var det 4 knappar. Skjorta var av kvitt lin. Ho var knept på aksla. Ståande krage. Og utanpå rundt halsen var knytt eit silketørklede i sterke fargar. 
Buksa var klaffebukse, men kunne også vere splittbukse. Det var knebukse med sølvspenne og 3 knappar på kvart kne. Buksa var av sametyslag som trøya. 
Hosane var blåe og kvitspettet. Dei kvite partia i garnet kom fram på den måten at dei batt stramt over hespa på visse stader før dei stakk ho i fargegryta. - Hosebanda var flamma i raudt, kvitt og blått. Store duskar høyrde til. 
Skorne var lågsko med sølvspenner. - Eg var også så heldig å finne ein skomakar, Jakobsen heitte han og, og budde i Harstadbotn, og i sine yngre år hadde han laga slike bunadsko. Dei hadde ei brei og romsleg form, stødog hæl, og var særs gode å gå i og danse i. Dei var av nokskalv og svarte. Tunga rakk opp på rista og var øvst pynta med raude tunger med hol i. 
Noko hovudplagg til bunaden fekk eg ikkje laga. Det var nok nemnt at det hadde høyrt til ein høg, svart hatt, mesta som ein sylinderhatt. Men den tok eg ikkje med. Upraktisk syntes han meg å vere. Dette var altså den nordlandsbunaden for menn som blei " sett ut i livet" 1923-1924. Etter eg hadde fått laga min som var den første, var det mange som fekk sin nordlandsbunad. Skreddar Jakobsen sydde fleire av dei. Eg følgde talet til over 30. Seinare kom fleire. Det syner seg særleg på stemner og festar der frilyndt ungdom kjem saman, at dei helst likar nordlandsbunadene både for kvinner og menn til festbruk.